Historisk arkiv

Enklare å sjekke om førarkort er gyldig

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Regjeringa er opptatt av å forenkle og modernisere kvardagen til folk flest. Derfor er det flott at Statens vegvesen no har laget ein løysning som gjer det enkelt å sjekke om den du lånar ut bilen din til har gyldig førarkort. Dette er bra for den einskilde av oss som av og til lånar ut bilen, for dei som er med i ulike bildelingsordningar, og for trafikktryggleiken.

Dette seier samferdselsminister Jon Georg Dale i samband med at Vegdirektoratet lanserar tenesta "sjekk førarkort". Der kan den einskilde logge seg inn og få svar på om andre har gyldig førarkort. Du treng ikkje lenger sjå det fysiske førarkortet. Opplysningane du får er meir oppdaterte enn dei på det fysiske førarkortet . Dette vil gjere det enklare å oppfylle plikta til å forvissa seg om at den du låner ut bilen til har førarkort. Det vil heller ikkje lenger vere naudsynt å ringe Statens vegvesen for å få tak i desse opplysningane.

Tenesta gjeld i fyste omgang ved å logge seg inn vegvesen.no. Det vil bli arbeidd vidare for å utvide tenesta, slik at den til dømes enklare kan bli bygd inn i ulike appar om bildeling.

Av omsyn til personvern blir søk logga og vil vere tilgjengeleg for den som blir søkt på. Vidare vil ikkje all den registrerte informasjonen komme fram ved søk. Ein del særlege avgrensingar i førarretten og einskilde særrettar vil ikkje vere tilgjengeleg.

Statens vegvesen har i løpet av dei siste åra digitalisert fleire teneste, og dermed forenkla kvardagen for mange.

– At ein no kan sjekke om førarkort er gyldig er berre ein av mange teneste innan førarkort og køyretøyområdet som er blitt digitalisert og forenkla dei siste åra. Eg er glad for at ein no kan gjere også dette på ein veldig enkel måte, seier Dale.

Les meir på vegvesen.no