Historisk arkiv

Enklare å tilsette legevikar i kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet føreslser forskriftsendringar for å gjere det enklare for kommunane å få på plass fastlegevikarar og vikarar i legevakt.

- No føresler vi forskriftsendringar som gjer at kommunar kan tilsetje naudsynte fastlegevikarar. Vi må sikre at innbyggarane får gode helsetenester og at kommunane får tilsett legane dei treng, seier helseminister Bent Høie. 

Forslaget som no vert sendt på høyring inneber at det kan ytast trygderefusjon til fastlegevikarar og vikarar i legevakt utan at legane har gjennomført norsk turnustjeneste/LIS 1.

- Det er viktig å stille kvalitetskrav. Kommunane må sørge for å sjekke legane sine kvalifikasjonar grundig for å sikre at pasientane får trygge helsetenester, seier Høie.

Departementet føreslser også at legar som gjennomfører LIS1 skal ha moglegheit til noko fråver ut over ferie, for eksempel ved sjukdom. Utvidinga utgjer om lag 14 dagar.  

Det er behov for å få vedtatt endringane så snart som mogleg. Forslaget vert difor sendt på høyring med forkorta høyringsfrist på 6 veker, slik at endringane kan tre i kraft før sommaren.  

Les høyringsnotatet.