Revidert nasjonalbudsjett

Kraftig styrka innsats for straumsparing

Regjeringa vil leggje til rette for at fleire får auka energistandarden i bustaden sin gjennom energieffektiviseringstiltak. I revidert budsjett foreslår regjeringa å auke satsinga på energitiltak i kommunale bustader med 100 millionar kroner i 2023, som er spesielt viktig for låginntektsfamiliar. Samtidig blir Enova-ordningar styrka med 500 millionar kroner til industri og bygg.

— Aukande kostnader og prisar er krevjande for oss alle, men rammar hardast dei som har minst frå før. Vi må ha ein aktiv politikk for å få forskjellane ned. I dette arbeidet er det difor viktig at hushald med låg inntekt får energieffektivisert bustaden dei bur i. Det er bra for lommeboka og vil også bidra til betre bukomfort, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Stort behov i kommunane

Tilskotet på 100 millionar kroner til kommunale bustader kjem i tillegg til løyvinga på 160 millionar kroner i statsbudsjettet for 2023, som allereie er disponert. Husbanken vil administrere tilskotsordninga som kommunane kan søkje på for å oppgradere utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar.

Mange av dagens kommunale bustader, omsorgsbustader og sjukeheimar er eldre bygg. Fleire kommunar rapporterer om at behovet for energieffektivisering i kommunale bustader er stort. Berre fem prosent av kommunane seier at dei kommunale utleiebustadane har ein tilfredsstillande energistandard[1].

— Dette tiltaket vil gi den kommunale bustadmassen eit løft. Å redusere straumutgiftene i blant anna kommunalt eigde utleigebustader vil kome vanskelegstilte på bustadmarknaden til gode. Dette er ei gruppe som ofte leiger bustaden dei bur i, og som sjølv ikkje har anledning til å gjennomføre energitiltak, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Auka Enova-satsing

I tråd med anbefalinga frå Energikommisjonen blir Enovas innsats på industri, yrkesbygg, burettslag og sameige styrkt. Enova vil tilby investeringsstøtte kopla til betra energiyting basert på ei grundig kartlegging. Dette stimulerer til vekst i marknaden for energitenester og løyser opp i informasjonsbarrieren. Enova set dessutan av meir pengar til satsinga på einebustader og småhus gjennom Enovatilskotet, og vil regelmessig vurdere denne innsatsen for å bidra til varige marknadsendringar.

— Enova styrkjer satsinga på energieffektivisering med om lag 500 millionar kroner i 2023. Det er ei oppfølging av spissinga vår av mandatet deira knytt til energi. Mandatet omfattar no energieffektivisering i alle sektorar, og opnar i større grad for støtte til moden og velkjend teknologi etter nærare definerte kriterium, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Effektivisering, kraft og nett

Regjeringa jobbar på fleire frontar for stabile og låge straumprisar til folk og industri i framtida.

— Energikommisjonen har peika på at meir kraft, meir nett og meir effektiv energibruk er løysinga på dei langsiktige utfordringane vi står overfor i norsk kraftforsyning. Vi jobbar no med ein handlingsplan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi. Målet vårt er at fleire skal gjennomføre tiltak for meir energieffektivisering, og regjeringa skal bidra til å gjere det mogeleg, seier Aasland.

Olje- og energidepartementet har hatt eit innspelsmøte om handlingsplanen for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi, og har tatt imot fleire innspel. Planen skal leggjast fram seinast saman med statsbudsjettet for 2024.

[1] s. 176 i årsrapporten til Husbanken for 2022