Utviklar framtidas grøne entreprenørar

EØS-midlane

Treningssenter som lagar eigen straum og adopsjonsordning for bikuber er nokre av ideane norske og bulgarske ungdommar har utvikla i lag. Samarbeidet har kome i stand gjennom EØS-midlane og skal styrke opplæring i entreprenørskap i skulen.

– Å tenke grønt er mogleg for alle. Det er ikkje naudsynt å endre så mykje på livsstilen, det er nok å gjere enkle grep. Det er så lett å tenke at vesle meg kan ikkje gjere mykje åleine, men når du er her får du kjensla av at ein kan gjere mykje ved å tenke nytt, seier Åsmund Hordvik frå Flora vidaregåande skule

Åsmund er ein av 16 norske skuleelevar som fekk reise på International Eco Camp i Bulgaria der ungdomar frå Noreg og Bulgaria kom saman for å lære om miljøutfordringar og utvikle grøne forretningsidear.

Miljøvern og berekraftig utvikling

Samlinga er ein viktig del av prosjektet som lærer bulgarske og norske vidaregåandeelevar oppstart og drift av miljøvenlege forretningsprosjekt. Opplæringa skjer i gjennom fleire trinn:

  • Utvikling av nettbasert læringsprogram
  • Økoleir i Bulgaria for eit utval av deltakarane
  • Lagkonkurranse om beste forretningsidé
  • Mentor og oppstartsstøtte til vinnarane
  • Anbefalingar om undervisningsopplegg for entreprenørskap i skulen til relevante styresmakter

Prosjektet er finansiert av Noreg gjennom EØS-midlane i Bulgaria.

Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane og Junior Achievement Bulgaria samarbeider om gjennomføringa. Målet er at opplæringa ikkje berre skal komme dei involverte bulgarske og norske ungdomane til gode, men også skape positive ringverknadar for næringslivet generelt.

     Les meir: Dei norske deltakarane sin rapport frå leiren

Mønsterpraksis og oppstartshjelp til nye businessidear

Satsinga har gjeve resultat. I Bulgaria blir prosjektet no vist til som ein innovativ modell for entreprenørskapstrening av ungdomar. Tre businessidear utvikla av ungdomane sjølve, har fått mentor- og oppstartsstøtte frå prosjektet. Desse omfattar:

I tillegg har alle forslaga planar om å drive opplysningsverksemd for å gjere folk meir miljøbevisste.

Vegen vidare

Samarbeidet har ført til nye vennskap mellom unge entreprenørar i Noreg og Bulgaria, og erfaringa har gjeve meirsmak. Sjølv om prosjektet formelt er avslutta, er det planlagt ein ny økoleir til hausten. Denne gongen i Sogn og Fjordane.

– Vi håpar at alle desse erfaringane vil sette varige spor i minna til studentane og vere med på å forme dei slik at dei kan bli dei grøne leiarane vi treng for framtida, seier Vera Petkantchin, prosjektleiar for søsterorganisasjonen til Ungt Entreprenørskap i Bulgaria.

Noreg støttar prosjektet med rundt 330 000 kroner.