EØS-midla: Finn partnar i Litauen!

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Europaportalen

Representerer du ein norsk organisasjon og ønsker å delta i internasjonalt samarbeid? I så fall er du invitert til Litauen for å finne den framtidige samarbeidspartnaren din.

Illustrasjonsfoto. Foto: Den norske ambassaden i Vilnius, Litauen.

Representerer du ein norsk organisasjon og ønsker å delta i internasjonalt samarbeid? I så fall er du invitert til Litauen for å finne den framtidige samarbeidspartnaren din.

Gjennom EØS-midla gir Noreg støtte til norske og litauiske organisasjonar som ønskjer å samarbeide om prosjekt innanfor definerte tema.

For å legge til rette for slike samarbeidsprosjekt er norske organisasjonar invitert til Vilnius 12. februar på partnarsøkseminar. Reisekostnader blir dekka etter søknad.

     [Last ned: Søknadsskjema]

På seminaret blir det mogleg å bli kjent med litauiske organisasjonar og diskutere idear for prosjekt de saman kan søke om å få støtte til å gjennomføre.

Norske organisasjonar som jobbar innanfor følgjande område er særleg oppmoda om å søke:

  • Rasisme og framandfrykt
  • Homofobi og seksuelle minoritetar
  • Velferdstilbod for barn med fysiske og mentale handicap
  • Miljøvern
  • Organisasjonar som arbeidar med menneskerettar i Kviterussland

Det EØS-middelfinansierte programmet for frivillege organisasjonar i Litauen er på til saman 5,5 millionar euro. Frist for å søke om støtte til samarbeidsprosjekt er i mars.

     [Les meir: Partnarsøkseminaret i februar]

Kontaktperson:

{Kart (Google Map)}