EØS-midlane: Vi søker fondsoperatør til regionalt fond

Noreg skal opprette eit nytt regionalt fond under EØS-midlane, og søker etter ein teknisk operatør av fondet. Frist for å søke er 15. september.

Fondet utgjer til saman 100 millionar euro for perioden 2014-21, og er delt i to: ein del skal finansiere tiltak mot arbeidsløyse blant ungdom og ein del skal fremje regionalt samarbeid innanfor område som krev løysingar over landegrensene.

     Les meir: EØS-midlane 2014-21

Støtta er tilgjengeleg for aktørar i mottakarland av EØS-midlane, norske partnarar og også utvalde tredjeland. Støtta skal fordelast på prosjekt etter opne utlysingar.

Det er no utlyst ein anbodskonkurranse for å hyre ein operatør som kan ta hand om administrative og tekniske oppgåver knytt til gjennomføringa av det regionale fondet. Kontraktsperioden går frå november 2016 til seinast desember 2024.

Meir informasjon om anbodet er tilgjengeleg på nettsida til sekretariatet for EØS-midlane. Frist for å søke er 15. september.