Erik Syvertsen utnemnt til underdirektør

Seniorrådgjevar Erik Syvertsen blei i statsråd 27. januar utnemnt til underdirektør i Samferdselsdepartementet.

Syvertsen er 40 år og kjem frå Oslo. Han er cand. jur. frå Universitetet i Oslo i 2001. Frå 2002 og til 2007 arbeidde han som rådgjevar i Vegdirektoratet, og frå 2007 til 2008 som rådgjevar/seniorrådgjevar i Samferdselsdepartementet . Frå 2008 var Syvertsen seniorrådgjevar i Statens jernbanetilsyn, før han han på nytt blei tilsett som seniorrådgjevar i Samferdselsdepartementet i 2015.

Erik Syvertsen arbeider i Baneseksjonen i Samferdselsdepartementet. Seksjonen har ansvaret for rammevilkår, planlegging og budsjettering knytt til jernbane og annan skjenegåanda transport, inkludert lov- og forskriftsregulering.