Historisk arkiv

Erik Ulfsby held fram som styreleiar for Språkrådet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet har oppnemnt nye medlemmer til styret for Språkrådet for perioden 2020–2023. Erik Ulfsby har takka ja til å fortsetje som styreleiar.

– Språk er den viktigaste kulturberaren vi har og ein nøkkel til å delta i samfunnet. Språkrådet er statens fagorgan for språk og vil bli viktig når vi skal følgje opp den komande språklova og språkmeldinga. Eg er glad for at Erik Ulfsby har takka ja til å halde fram som styreleiar for Språkrådet, og at han får med seg gode folk på laget, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

Kulturdepartementet har oppnemnt desse medlemmene til styret for perioden 2020–2023:

Styreleiar: Erik Ulfsby (gjenoppnemnt)

Nestleiar: Lodve Solholm (ny)

Medlem: Terje Lohndal (tidlegare varamedlem)

Medlem: Eli Bjørhusdal (gjenoppnemnt)

Varamedlem: Hilde Sollid (ny)

Varamedlem: Hege Myklebust (gjenoppnemnt)

I tillegg kjem ein styremedlem og ein varamedlem som dei tilsette i Språkrådet peikar ut.