Historisk arkiv

Noreg innførar sanksjonar mot Eritrea

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Regjeringa har i dag vedteke ei føresegn om sanksjonar mot Eritrea.

Føresegna er vedteken med heimel i lov av 7. juni 1968 nr. 4 til gjennomføring av bindande vedtak av Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane, og sanksjonane vert innførte som følgje av ein resolusjon frå Tryggingsrådet av 23. desember 2009.

Resolusjonen er bindande for alle medlemsstatane i FN. Føresegna inneheld:

  • forbod mot eksport eller formidling av våpen og tilknytt materiell 
  • forbod mot finansiering og fagleg hjelp knytte til militært materiell og militære aktivitetar 
  • forbod mot import av slike varer og faglig hjelp frå Eritrea

I tillegg vert det gjennomført reiserestriksjonar, påbod om frys av midlar, og forbod mot sal av våpen og tilknytt materiell til personar som skal utpekast av sanksjonskomiteen. Føresegna tek til å gjelde straks, og vil om kort tid vere tilgjengeleg på Lovdata.