Historisk arkiv

Espen Aasen blir ny ekspedisjonssjef i Spesialisthelsetenesteavdelinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Espen Aasen (49) vart i statsråd i dag utnemnt til ekspedisjonssjef i Spesialisthelsetenesteavdelinga (SHA) i Helse- og omsorgsdepartementet.

Aasen kjem frå stillinga som assisterande departementsråd i Kunnskapsdepartementet. Han har bakgrunn frå Finansdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Dei siste åra i Kunnskapsdepartementet har han vore sentral i både faglege og organisatoriske utviklingsprosessar.

Aasen er utdanna siviløkonom ved Norges handelshøyskole.