Historisk arkiv

Etablering av prosjekt for miljøvennleg transport: Transnova – til Trondheim

Transnova – til Trondheim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Trondheim er eit senter for naturvitskapeleg og teknisk kompetanse. No får dette miljøet eit nytt tilskott. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det no er avklart at det nye miljøprosjektet Transnova skal leggjast til Teknologiavdelinga til Statens vegvesen Vegdirektoratet i Trondheim. Forslaget til mandat for Transnova vart óg presentert i dag.

- Trondheim er eit senter for naturvitskapeleg og teknisk kompetanse. No får dette miljøet eit nytt tilskott. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det no er avklart at det nye miljøprosjektet Transnova skal leggjast til Teknologiavdelinga til Statens vegvesen Vegdirektoratet i Trondheim. Forslaget til mandat for Transnova vart óg presentert i dag.  

Vegdirektoratet skal på oppdrag frå Samferdselsdepartementet administrere prosjektet, som skal utvikle verkemiddel og tiltak for å redusere klimautslepp og anna miljøforureining frå transportsektoren. For neste år er det lagt opp til at det over statsbudsjettet skal brukast 50 millionar kroner til Transnova, i tråd med Klimaforliket.   

- Transnova skal vere eit ”Enova for transportsektoren” og skal gi økonomisk stønad til gode miljøprosjekt. Prosjekt som framskundar auka bruk av alternative drivstoff, slik som annangenerasjons biodrivstoff, elektrisitet og hydrogen, vil bli prioritert.  Transnova skal fremje fleire gode løysningar på miljøproblema innan transportsektoren, seier samferdselsministeren.

Regjeringa meiner det er naudsynt å få klimagassutsleppa frå transportsektoren ned. Frå 1990 til 2005 auka CO2-utsleppa frå vegtransporten med over 25 prosent, og utsleppa frå veg står no for ein firedel av dei nasjonale utsleppa. Folk og næringsliv rundt i landet treng transport óg i framtida, og då er det viktig at drivstoffet som køyretøya nyttar gir låge eller ingen utslepp. Det er ei oppgåve for det nye Transnova.

Transnova skal minst disponere 50 millionar kroner kvart år i tre år. Målet er at prosjektet skal bli ei permanent ordning når den treårige prøveperioden er over.


For fleire opplysningar - sjå

Forslag til mandat for Transnova-prosjektet (pdf)


For meir informasjon – ta kontakt via
Edvard Andersen
Rådgiver, Informasjonsseksjonen
Samferdselsdepartementet
E-post: edvard.andersen@sd.dep.no
Tlf.: (+47) 22 24 83 79
Mobil: (+47) 905 11 667