Historisk arkiv

EU- erklæring om dom mot Mr. Thomas Lubanga Dyilo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

19. mars sluttet Norge seg til en erklæring fra EU om dom mot Mr. Thomas Lubanga Dyilo

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen i høve dommen frå den internasjonale straffedomstolen i saka mot Thomas Lubanga Dyilo (140312)

Dommen som i dag vart avsagd i Den internasjonale straffedomstolen i saka mot Thomas Lubanga Dyilo, er ein milestolpe for internasjonal strafferett. Det er den første dommen frå domstolen, som starta arbeidet sitt i 2003. Denne dommen er eit viktig resultat for domstolen i arbeidet med å sikre respekt for og handheving av folkeretten. Samtidig får Den internasjonale straffedomstolen med denne dommen høve til å reflektere over rettargangen og analysere erfaringane han har hausta.

Dommen syner at gjerningsmenn ikkje kan handle ustraffa. Han vert lagd merke til langt ut over grensene til Den demokratiske republikken Kongo, ettersom saka mot Lubanga skapt merksemd kring den forferdelege situasjonen til barnesoldatar og om at det er eit krigsbrotverk å rekruttere og bruke barn under 15 år i kamp. Det må understrekast at Den internasjonale straffedomstolen er ein heilt uavhengig rettsleg institusjon, og at det er ei sentral oppgåve for domstolen å sikre ein rettferdig rettargang. I juli i år skal vi markere tiårsjubileet for at traktaten som ligg til grunn for domstolen, Roma-vedtektene, tredde i kraft. EU har vore ein sterk støttespelar for Den internasjonale straffedomstolen heilt sidan Roma-vedtektene vart vedtekne i 1998. Domstolen har brei støtte med 120 statspartar frå heile verda.

Det tiltredande landet Kroatia *, søkjarlanda Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro*, Island+ og Serbia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Bosnia-Hercegovina, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, Montenegro og Serbia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.