Historisk arkiv

EU- erklæring om internasjonal dag mot rasisme

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

23. mars sluttet Norge seg til en erklæring fra EU om internasjonal dag mot rasisme.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen i høve den internasjonale dagen for avskaffing av rasediskriminering 21. mars 2012 (210312)

I samband med den internasjonale dagen for avskaffing av rasediskriminering vil Den europeiske unionen få understreke det urokkelege engasjementet organisasjonen har for å kjempe mot alle former for rasisme og framandfrykt. Rasediskriminering er i strid med verdiane EU er tufta på, og vi arbeider hardt både heime og i resten av verda med å utrydde dette. Engasjementet kjem til syne på mange måtar – lovgjeving, haldningskampanjar og støtte til prosjekt som vert drivne av sivilsamfunnet.

Det internasjonale arbeidet i kampen mot rasisme byggjer på den internasjonale konvensjonen om avskaffing av alle former for rasediskriminering (ICERD). Vi oppmodar alle statar om å ratifisere og setje i verk konvensjonen snarast råd.