Historisk arkiv

EU-erklæring om internasjonal dag mot homofobi og transfobi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

7. mai sluttet Norge seg til en erklæring fra EU om internasjonal dag mot homofobi og transfobi.

 

EU
Brussel, 17. mai 2012

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen i høve den internasjonale dagen mot homofobi og transfobi 17. mai 2012 (170512)

I dag feirar folk over heile verda den internasjonale dagen mot homofobi og transfobi. Eg er stolt av å ta del i denne feiringa på vegner av Den europeiske unionen.

Verda over opplever menneske diskriminering og vald, endå med døden til følgje, på grunn av seksuell orientering eller kjønnsidentitet. Frivillig seksuell omgang mellom personar av same kjønn er framleis straffbart i 76 land og vert straffa med døden i minst fem.

Somme seier at seksuell orientering og kjønnsidentitet er i strid med tradisjonelle verdiar. Lat meg få seie dette klart og tydeleg: Når vi snakkar om rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar, dreier det seg ikkje om å innføre nye rettar for ei gruppe menneske. Det handlar om at dei same menneskerettane skal gjelde for alle menneske overalt utan forskjellsbehandling. Eg oppmodar alle statar om å gjere dette til ein realitet for alle.

Det tiltredande landet Kroatia *, søkjarlanda Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro*, Island+ og Serbia*, det potensielle søkjarlandet Albania, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, Montenegro og Serbia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av Efta og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.