EU med felles holdning om Hviterussland

4. juni sluttet Norge seg til en felles holdning fra EU om sanksjoner mot Hviterussland.

4. juni sluttet Norge seg til en felles holdning fra EU om sanksjoner mot Hviterussland. 

EU
Brussel, 8. juni 2012

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsgjennomføringsavgjerd 2012/171/FUSP som gjennomfører avgjerd 2010/639/FUSP om restriktive tiltak mot Kviterussland, og rådsavgjerd 2012/212/FUSP om endring av avgjerd 2010/639/FUSP om restriktive tiltak mot Kviterussland (080612)

Den 23. mars 2012 vedtok Rådet rådsgjennomføringsavgjerd 2012/171/FUSP[1]. Rådsavgjerda oppdaterer og endrar lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg V til avgjerd 2010/639/FUSP.

Den 23. april 2012 vedtok Rådet rådsavgjerd 2012/212/FUSP[2]. Rådsavgjerda endrar artikkel 3 nr. 1 i avgjerd 2010/639/FUSP, for å sikre at eigedomsgode kan frigjerast eller stillast til rådvelde for offisielle føremål på utanriksstasjonar eller i internasjonale organisasjonar som har immunitet i samsvar med folkeretten.

Det tiltredande landet Kroatia*, søkjarlanda Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro*, Island+ og Serbia*, det potensielle søkjarlandet Albania, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og Efta-landet Liechtenstein, som er medlem av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, sluttar seg til desse avgjerdene.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med desse rådsavgjerdene.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det. 



[1]           Kunngjord 24.3.2012 i Tidend for Den europeiske unionen L 87, s. 95

[2]           Kunngjord 25.4.2012 i Tidend for Den europeiske unionen L 113, s. 11

*          Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, Montenegro og Serbia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+           Island er framleis medlem av Efta og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.