Historisk arkiv

EU satsar på mellomlandskablar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Utenriksdepartementet

Rapport fra seniorrådjevar for energi Marit Schweiker

Som ein del av «energiunionspakka» har Europakommisjonen lagd fram ei melding om mellomlandsforbindelser 25. februar. Innan 2020 skal alle medlemsland ha utanlandskablar med kapasitet tilsvarande 10 prosent av landets elektrisitetsproduksjonskapasitet. Seniorrådgjevar for energi Marit Schweiker rapporterar.

Visepresident for energiunionen Maroš Šefčovič på pressekonferansen 25. februar 2015 Foto: European Union 2015
Visepresident for energiunionen Maroš Šefčovič på pressekonferansen 25. februar 2015. Foto: European Union 2015

Større energiflyt mellom medlemslanda vil være eit viktig ledd for å realisere en felles energimarknad og energiunionen. Meir mellomlandskablar i EU vil kunne redusere CO2-utslepp når fornybar energi lettare kan integrerast i marknaden, også over landegrenser. I tillegg vil ein felles straummarknad føre til større konkurranse som effektiviserer ressursbruken og aukar forsyningssikkerheita.

Som energieksportør med EU som hovudmarknad har Norge stor interesse av ein betre integrert europeisk energimarknad. Meldinga gir status over kor godt medlemslanda er kopla saman og kva som står att for å realisere ein felles kraftmarknad.

Les  rapporten om mellomlandsforbindelser her

Les også:

EU-delegasjonens rapport: Dette er energiunionen