Historisk arkiv

Evaluering av fylkesvise mobbeombod

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Rundt seks prosent av norske barn og ungdom i skolen opplever mobbing. Hausten 2018 blei det innført ei ordning med fylkesvise mobbeombod for barnehage og grunnskole for å forsterke arbeidet mot mobbing. I ei ny evaluering kjem det fram at ordninga med mobbeomboda er for lite kjend, men at den bidreg til eit tryggare skole- og barnehagemiljø når mobbeomboda er involvert.

– Dette er gode nyheiter og viser at her har vi fått til mykje. I følgje lova er det nulltoleranse mot krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering i skolen og det skal vi framleis arbeide for, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet Grunde Kreken Almeland.   

Omboda har eit nasjonalt mandat og er tilsett hos fylkeskommunen for å være uavhengige uansett kven som eig barnehagane eller skolene.  

– Det er viktig at mobbing blir tatt på alvor, og det er difor vi har innført fylkesvise mobbeombod. Dei skal være tilsett hos fylkeskommunen for å være uavhengige dersom konfliktar oppstår, seier Almeland.  

Meir involvering av familiane 

Evalueringa viser også at mobbeomboda bidreg til at barn og foreldre i aukande grad blir involverte i saker som gjeld det psykososiale miljøet og at foreldre og elevar meiner dei fylkesvise mobbeomboda trengs. Trass i dette kjenner dei fleste ikkje til ordninga eller kva mobbeombodet kan hjelpe med.  

–  Denne evalueringa har undersøkt om ordninga med fylkesvise mobbeombod sikrar at barnehageborn og elevar får eit trygt og godt miljø fritt for mobbing. Evalueringa er viktig i arbeidet for å betre tilbodet, og her ser vi at informasjonen om tilbodet må bli betre kjent. 

Når det gjeld dei foreldra som har vore i kontakt med ombodet, fortel dei at dei opplevde å møte forståing, at dei fekk informasjon og råd og at ombodet  

Saknar fagmiljø 

I rapporten kjem det også fram at sidan omboda er plasserte i fylkeskommen saknar nokon av dei eit fagmiljø og arbeidsfellesskap. Dei som har eit nært samarbeid med elev- og lærlingombodet for vidaregåande skoler er litt meir nøgde med det faglege og sosiale arbeidsmiljøet enn dei som ikkje har det.  

FAKTA: Fylkesvise mobbeombod 

Frå hausten 2018 blei det innført ei ordning med fylkesvise mobbeombod for barnehage og grunnskole med eit nasjonalt mandat. Mobbeomboda er plasserte hos fylkeskommunane for å være uavhengig av eigarar for barnehagar og skoler. Ordninga bygde på erfaring frå ei utprøving av mobbeombod for vidaregåande skole i fire fylkeskommunar i perioden 2014 – 2016. Det er i alt 18 ombod.  

Mandat:  

  1. Støtte og rettleie born, elevar og foreldre i saker om psykososialt miljø.  
  2. Jobbe førebyggjande med informasjon og opplæring til barn, elevar og foreldre.  
  3. Skape dialog og bidra til ei god og tverrfagleg oppfølging etter at saker er handterte.  
  4. Bidra til dokumentasjon og erfaringsdeling i fylket og nasjonalt.  
  5. Støtte elev- og lærlingombodet i arbeidet med psykososialt miljø.  

FAKTA: Evalueringsrapporten 

NOVA har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet evaluert ordninga med fylkesvise mobbeombod. Prosjektet har halde på i perioden sommar 2018 til juni 2020. Hovudproblemstillinga har vore å få svar på i kva grad ordninga sikrar likeverd i alle barnehageborn og elevars rett til eit trygt og godt miljø fritt for krenkingar og mobbing i skolen og i barnehagen.  

Les heile rapporten her.