Evaluering av region- og distriktsoperaene/musikkteater i Noreg

Kulturdepartementet har motteke rapporten Operasjon operanasjon, ei evaluering av region- og distriktsoperaene/musikkteater i Noreg. Evalueringsrapporten er utarbeidd av Telemarksforsking på oppdrag frå Kulturdepartementet.

Bakgrunnen for evalueringa var behovet for meir kunnskap om dei ulike operatiltaka rundt om i landet. Telemarksforsking har undersøkt om satsinga på distrikts- og regionopera/musikkteater hjelp til å styrke regionane som kulturelle senter, og om opera- og musikkteaterproduksjonen regionalt er i tråd med regjeringa sitt mål om høg kunstnarisk kvalitet.

Dei ti operainstitusjonane som er evaluerte, er Bergen Nasjonale Opera, Opera Sør i Kristiansand, Nordnorsk Opera og Symfoniorkester i Bodø/Tromsø, Trondheim Symfoniorkester/TSO Musikkteater, Opera Trøndelag i Stjørdal, Opera Nordfjord på Nordfjordeid, Operaen i Kristiansund, RingsakerOperaen i Brumunddal, Opera Østfold i Halden og OscarsborgOperaen ved Drøbak.

Telemarksforsking har besøkt alle dei ti verksemdene som er evaluerte og skildrar i rapporten operainstitusjonane som viktige og relevante kulturaktørar i sine nærmiljø og regionar.