OECD har evaluert norsk utviklingspolitikk

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Noreg fører ein aktiv og utviklingsfremjande politikk, men det er rom for forbetringar. Det kjem fram i OECDs nye evaluering av norsk utviklingspolitikk.

Noreg fører ein aktiv og utviklingsfremjande politikk, men det er rom for forbetringar. Det kjem fram i OECDs nye evaluering av norsk utviklingspolitikk.

-Det organisasjonen etterlyser samsvarar godt med regjeringas prioriteringar. Vi må arbeide meir målretta for å synleggjera resultat, konsentrere innsatsen og spela meir på lag med næringsliv og privat kapital. Vi kom i regjering nettopp for å gjera dette, seier utanriksminister Børge Brende.

OECD evaluerer kvart  fjerde/femte år medlemslandas utviklingspolitikk. Det er fem år sidan sist det blei laga ein slik rapport om norsk utviklingspolitikk.

OECDs slår fast at Noreg er blant dei meir avanserte gjevarane, med ein sterk offentleg økonomi og høgt bistandsnivå.

- Norsk bistand har ei god innretning og set seg høge mål, med blant anna  vekt på den globale diskusjonen, så vel som kvinner og likestilling og arbeidet med sårbare statar. Utfordringane ligg i å vidareutvikle partnarskapet med andre gjevarar og styrke årleg strategisk planlegging. Tilrettelegging for privat sektor i utviklingsland er essensielt, sa  OECDs visegeneralsekretær Rintaro Tamaki  då han overrekte rapporten til utanriksminister Børge Brende denne veka.

Brende meiner det viktigaste er at vi tar forbetringspunkta inn over oss, og brukar rapporten konstruktivt. Den kjem på eit riktig tidspunkt i forhold til regjeringas arbeid med utviklingspolitikken.  

- Gjennom denne rapporten har eg fått gode faglege tilrådingar. Styrking av privat næringsliv og handel er ei tilråding eg er spesielt interessert i, og som er eitt av regjeringas hovudsatsingsområde i utviklingspolitikken. Ingen land har fått til kraftig reduksjon av fattigdom uten næringsutvikling og handel. Vi har auka løyvingane til næringsutvikling nettopp fordi vi veit at næringsverksemd skapar langsiktig utvikling og er vegen ut av fattigdom for millionar. Utdanning er også avgjerande for utvikling. Vi vil derfor styrke arbeidet med utdanning, spesielt for jenter og kvinner, seier Brende.  

Utanriksministeren er opptatt av at bistand ikkje bare er eit spørsmål om volum, det er også eit spørsmål om effekt og resultat. Vi må ha tydelege forventningar før vi set i verk tiltak, og deretter gjennomføre systematiske evalueringar og læring i etterkant. Vi må også vera villige til å diskutere større konsentrasjon: geografisk, tematisk og når det gjeld talet på ordningar – for å sikre god oppfølging og best mogeleg resultat frå den bistanden vi gir. Og vi må bli flinkare til å koordinere innsatsen frå ulike aktørar, både i Noreg og med andre land. Noreg er ikkje aleine om å yte bistand, og det er dei samla resultata som tel, seier utanriksminister Børge Brende.

Rapporten er tilgjengelig her.