Historisk arkiv

Færre saker på vent

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 233/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjettet 2006

Færre saker på vent

Betre service og kortare behandlingstid i alle saker er eit mål for regjeringa. Regjeringa legg derfor vekt på at Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE) skal få unna saker som er gamle og tidkrevjande.

– Både UDI og UNE har i fleire år vore kritiserte for lange saksbehandlingstider. Som ei følgje av dette, og som ei følgje av at etatane vil kunne bli meir effektive i saksbehandlinga dersom talet på gamle saker blir redusert, gjer regjeringa i statsbudsjettet for 2006 framlegg om totalt 37 millionar kroner for å få unna gamle saker i UDI og UNE, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Begge etatane behandla svært mange utlendingssaker i 2004 og 2005, då ein hadde fokus på å redusere saksbehandlingstida på dei fleste saksområda. I UDI blei restansane på asylsida reduserte frå 9000 saker ved byrjinga av 2004 til 4500 ved slutten av året, og i første halvår 2005 blei restansane ytterlegare redusert, til 2550. På opphaldssida blei restansane redusert med 9000, til 12 500 ved utgangen av 2004.

– På opphaldssida er talet på gamle saker framleis for høgt. Det er derfor nødvendig med ein ekstra innsats i 2006. 13 millionar kroner er sett av til dette, seier Solberg.

UNE behandla 16 000 saker i 2004, men fekk inn 16 500 nye saker, og talet på restansar hadde derfor auka til 8000 ved slutten av året. I første halvår 2005 har UNE sett store endringar i profilen på innkomne og behandla saker. Talet på asylsøkjarar utan behov for vern er kraftig redusert, og UNE opplever no at ein større del av sakene er vanskelegare og meir tidkrevjande enn før.

– Dersom saksbehandlingstida i UNE ikkje blir redusert, blir gevinsten ved at UDI gjer vedtak raskare, borte, for den totale tida asylsøkjarane oppheld seg i statlege mottak blir då ikkje kortare, seier Solberg. Regjeringa gjer derfor framlegg om å løyve 24 millionar kroner som skal gå til nedbygging av restansane i UNE i 2006, slik av ein kan få unna gamle saker.

Det er i budsjettet lagt til grunn at Utlendingsnemnda (UNE) kjem til å få færre nye innkomne saker i 2006 enn i 2005, noko som skulle tilseie ein reduksjon av budsjettet på 6,7 millionar kroner. Totalt blir derfor driftsbudsjettet til UNE auka med 17,3 millionar kroner til 106,2 millionar kroner.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.