Historisk arkiv

Faggruppe for tang og tare

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Fiskeridepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Fiskeridepartementet


NR. 83/95, 22. desember 1995

FAGGRUPPE FOR TANG OG TARE

Regjeringa har skipa ei breidt samansett sentral faggruppe som skal utarbeide ei langsiktig forvaltingsplan for tang og tare. Plana skal leggje grunnlaget for eit varig og best muleg langtidsutbytte av tang og tareressursane. I denne samanhengen skal det takast vare på tarenæringa sin trong for råstoff, fiskarane sine interesser og omsynet til miljø og naturvern.

I juli i år avgjorde Regjeringa at Fiskeridepartementet skal ha forvaltingsansvaret for tang og tare med Fiskeridirektoratet som utøvande organ, og det vart fastsett forskrift om hausting av desse ressursane. Den sentrale faggruppa som no er skipa har representantar for styresmaktene, tarenæringa, fiskerinæringa og forskingsinstitusjonane. Faggruppa skal vurdere kva område som kan vere aktuelle for hausting av tang og tare og vurdere haustingstakta innanfor dei einskilde områda. Fiskeridirektoratet kan etter behov skipe fylkesvise faggrupper som skal tilføre kunnskap om lokale tilhøve.Desse faggruppene bør vurdere kva område i fylka som kan vere aktuelle for hausting og gje tilrådingar til den sentrale faggruppa.

Formannskapet og sekretariatsfunksjonen for den sentrale faggruppa vert lagt til Fiskeridirektoratet. Tarenæringa er representert ved Pronova Biopolymer A/S i Haugesund. Gruppa har følgjande samansetting: Trond Moldskred, Fiskeridirektoratet, formann, Eva Degré, Direktoratet for Naturforvalting, Jan Helge Fosså, Havforskingsinstituttet, Leif Grimsmo, Norges Fiskarlag, Magne Gilje, Pronova Biopolymer og Eli Rinde, Norsk institutt for naturforsking.


Lagt inn 3 januar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen