Historisk arkiv

Faktabok arbeidsmiljø og helse 2021

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Faktaboka om arbeidsmiljø og helse 2021 blir lansert på Statens arbeidsmiljøinstitutts heimeside 3. juni.

Faktaboka oppsummerer dei viktigaste funna og dei lange linene i overvakinga av arbeidsmiljø og helse i Noreg som Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) står for. Faktaboka utgjer det viktigaste samla dokumentasjonsgrunnlaget over utviklinga på området. 

Faktaboka kjem ut kvart tredje år, og boka i 2021 er den femte i rekka. Boka kartlegg endringar i arbeidsforhold sidan byrjinga av 2000-talet og undersøkjer arbeidsmiljøutviklinga der ho har vore positiv og der ho ikkje ikke har vore like god. Ho syner også kva slags yrke og bransjar som er mest utsette for dårlege arbeidsforhold og har høgt arbeidsrelatert sjukefråvær.

Faktaboka er difor eit godt verkty for å vise norske verksemder og partane i arbeidslivet retning i dei prioriteringane dei gjer i det førebyggjande arbeidsmiljøarbeidet.