Fangst av kongekrabbe i kvoteregulert område i 2018

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fangst av kongekrabbe i kvoteregulert område øst for 26° Ø i 2018.

Fartøy med høve til å fiske i det kvoteregulerte området kan fange og lande 1750 tonn hannkrabbar og 100 tonn hokrabber. Av totalkvoten hankrabbar er 175 tonn avsett til skadde hankrabbar i det kvoteregulerte området i 2018. Det er avsett 16 tonn hankrabbar til turistfiske, 1 tonn hankrabbar til fritidsfiske og 1 tonn til forsking føremål.  

Det er vedteke at aktivitetskravet for omsetning frå anna fiske for å oppnå full kvote fortsatt vert 100 000 kr i 2018, men frå 2019 vil kravet bli endra til 200 000 kr. Dette inneber at næringsaktørane kan innrette seg til det nye omsetningskravet i 2018.

Forskrift om regulering av fangst av kongekrabbe i kvoteregulert område øst for 26 grader øst mv. i 2018

Til toppen