Færre bønder sel kumjølkkvote i 2013

277 bønder har meldt mjølkekvote inn for sal mot 436 bønder i 2012. Dette er dei foreløpige tala etter at Statens landbruksforvaltning har handsama alle søknadane.

277 bønder har meldt mjølkekvote inn for sal mot 436 bønder i 2012. Dette er dei foreløpige tala etter at Statens landbruksforvaltning har handsama alle søknadane. 

Den totale salsmengda er 24,3 millionar liter dersom vi legg til grunn at seljarane har same gjennomsnittskvote som kvoteseljarane i 2012. I 2012 selde 436 kumjølk­produsentar ei total kvotemengde på 38,2 millionar liter som tilsvarer ein gjennomsnittskvote på om lag 88 000 liter per seljar.

Statens landbruksforvaltning kjem med endelege salstal så snart alle søknadane er endelig handsama. Dette vil truleg skje i midten av desember. Fristen for å melde inn for sal var 1. oktober 2013. 

Melk i glass
277 bønder har meldt mjølkekvote inn for sal mot 436 bønder i 2012. (Foto: © Jan Djenner/Samfoto)