Historisk arkiv

Færre timar i jordbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I alt vart det utført 88,3 millionar timar arbeidsinnsats i norsk jordbruk frå 1. mars 2012 til 28. februar 2013. Det er 6,2 millionar færre timeverk enn tre år tidlegare Det syner førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

I takt med nedgangen i talet på jordbruksbedrifter gjekk arbeidsinnsatsen i norsk jordbruk ned med 6,2 millionar timeverk frå 2009/2010 til 2012/2013. Målt i årsverk, svarar dette til ein reduksjon frå 51 200 til 47 900 på tre år. Mykje av nedgangen kan forklarast med reduksjonen i talet på jordbruksbedrifter, som i perioden har gått ned med 3 100 einingar. Gjennomsnittleg blei det arbeidd 2 030 timar per jordbruksbedrift i 2012/2013, om lag det same som tre år tidlegare. Hagebruk, inklusive veksthus, er rekna med i tala.

Traktor på åker
I alt vart det utført 88,3 millionar timar arbeidsinnsats i norsk jordbruk frå 1. mars 2012 til 28. februar 2013.(Foto: ©Jan Djenner/Samfoto)