Fasar ut fossilt brensel og moderniserer infrastruktur på Haakonsvern

Infrastrukturen på Haakonsvern må fornyast og forbetrast for å møte dei krava vi har til kapasitet i dag og for å vera god nok til ein framtidig utvikling av basen. Regjeringa føreslår og å etablera ein ny energisentral inne på basen. Sentralen skal vera basert på sjøvarme.

– Når det er naudsynt å endre gammal infrastruktur, er det viktig for regjeringa å lage gode og framtidsretta løysingar som og er miljøvenlege og kostnadseffektive, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

For å følgje opp målsettinga i «Klimaforliket» om å fasa ut fossilt brensel, vil bygg som i dag varmast opp med fossilt brensel koplast på ny fjernvarmetrasé.

Det er planlagd at arbeida med infrastrukturen skal gjerast i samband med andre infrastrukturtiltak for å oppnå synergiar.

Prosjektramma er om lag 650 millionar kroner.

Til toppen