Historisk arkiv

Feirar Holbergprisvinnar Stephen Greenblatt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

H.K.H. Kronprins Haakon gav i dag Ludvig Holbergs minnepris til den amerikanske litteraturprofessoren Stephen Greenblatt ved Harvard. Greenblatt er mest kjend for Shakespeare-forskinga si, og for brei påverknadskraft på humaniora dei siste førti åra.

– Eg vil gratulere Greenblatt med ein velfortent pris. Han er ein leiande forskar på feltet sitt, og han klarer å nå eit større publikum med forskinga si. Den siste boka hans er eit gode døme på dette. Her kombinerer han djup innsikt om renessansen med ein forteljarteknikk som overgår dei beste spenningsromanar, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Prisen blei tildelt under ein seremoni i Universitetets aula i Bergen. Holbergprisen blir gjerne omtalt som «nobelprisen» innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Prisen er på 4,5 millionar kroner og blei oppretta av den norske regjeringa i 2003. Vinnaren skal ha påverka internasjonal forsking på fagfeltet på ein avgjerande måte.

Nils Klim-prisen til EU-forsker

Under same seremoni delte Røe Isaksen også ut Nils Klim-prisen. Prisen gjekk til Sanja Bogojević, førsteamanuensis ved Juridiska institutionen ved Lunds universitet, for forskinga hennar på miljølovgjevinga og utsleppshandelen i EU. Nils Klim-prisen blir kvart år delt ut til ein nordisk forskar under 35 år, som har utmerka seg innan fagområda samfunnsvitskap, humaniora, juss eller teologi.

Les meir om Holbergprisen.