Historisk arkiv

Feirar verdsdagen for Downs syndrom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad slår eit slag for menneske med Downs syndrom og det viktige og kjære mangfaldet vi skal ha i samfunnet. Samtidig minner ho om gode tilbod i landbruket som kan vere med på å gi meir glede i kvardagen.

– I dag feirar eg alle menneske med Down syndrom. Eg er opptatt av at dei skal bestemme over eige liv, og ha alle moglegheiter. Dei skal delta i skulen, arbeidslivet, samfunnet, politikken, sosialt og i sporten, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad. 

Grønt arbeid.
Grønt arbeid. Foto: Bjørn-Frostad/Fylkesmannen i Østfold

– Alle menneske har stor glede av å meistre oppgåver ein liker. Derfor vil eg òg i dag skryte litt av Inn på tunet-gardane som arrangerer aktivitetar og oppgåver som kan gi menneske meistring, glede og utvikling. Det er eit godt tilbod for absolutt alle, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

FN peikar på at tiltak som kan betre livskvaliteten til menneske med Downs syndrom er mellom anna eit kompleks og opplyst helsevesen. Stimulering av mental og fysisk tilstand gjennom fysioterapi, ergoterapi, taleterapi, rådgiving eller spesialopplæring er svært viktig.

Dei 400 Inn på tunet-gardane i Noreg tilbyr aktivitetar som gir glede, meistring og utvikling.

– Inn på tunet-gardane i Noreg kan rett og slett bidra til å gi alle menneske i alle aldrar og situasjonar ein god livskvalitet, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.