Historisk arkiv

Fekk gourmetlunsj på trikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker fekk ein trikketur utanom det vanlege då ho opna ”The Tram Experience” tysdag. Ein trikk er gjort om til ein restaurant, som serverer norsk sjømat medan han køyrer kring i Brussel under sjømatmessa i byen.

- Norsk sjømat ligg på 22 millionar middagstallerkenar i EU kvar dag. Sjømatmessa er ein viktig arena for norsk sjømat. Her i trikkerestauranten får vi vist fram både norske råvarer og norske kokkar. Eg kan melde heim at marknadsføringa av sjømat går på skjener, sa fiskeriminister Aspaker. Både hummar og kveite står på menyen når kokkane diskar opp med ein norsk gourmetlunsj. Trikkerestauranten er eit samarbeid mellom Stavanger og Brussel, og menyen er førebudd av Tommy Raanti frå Gastronomisk Institutt.