Ferjeavløysingsordning gir fleir bru- og tunnelprosjekt

Ferjeavløysingsordninga for fylkesvegferjer legg til rette for at fleire bru- og tunnelprosjekt kan realiserast. No er retningslinjene for ordninga klare.

Ferjeavløysingsordninga for fylkesvegferjer blei innført frå og med 2016. Med ferjeavløysingsordninga kan fylkeskommunane bruke pengar som i dag går til ferjedrift, til å finansiere bruer og undersjøiske tunnelar som erstattar eit ferjesamband.  Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Samferdselsdepartementet har no utarbeidd retningslinjer som presiserer vilkåra for ordninga og forklarer søknadsprosessen.

- Ordninga legg til rette for at fleire bru- og tunnelprosjekt kan realiserast, slik at kommunar og regionar kan knytast saman på ein betre måte enn i dag. Vi håper dette vil stimulere til vekst og auka verdiskaping i kystkommunane, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Fylkeskommunar som erstattar eit ferjesamband med ei bru eller ein tunnel, får behalde midlane ferja utløyser i inntektssystemet i inntil 40 år etter at ferjesambandet er lagt ned. Midlane de brukte til ferje kan brukast til å delfinansiere brua eller tunnelen. Retningslinjene sikrar at dette er ei føreseieleg ordning, og gjev fylkeskommunane rettleiing i korleis dei skal søkje om ferjeavløysingsmidlar.

– Det er fornuftig å byggje bruer når vi kan unngå å måtte betale store subsidiebeløp til evigvarande ferjedrift. Eg er glad for at vi no får etablert same ordning for fylkesvegar som vi allereie har på riksvegar. Det gir ein betre kvardag for reisande og sparte utgifter for statsbudsjettet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

I retningslinjene er det no presisert at berekninga av ferjeavløysingsmidlar vil bli gjort med utgangspunkt i inntektssystemet slik det er når søknaden blir behandla. Retningslinjene spesifiserer òg at ordninga gjeld for fylkeskommunale ferjesamband som var i ordinær drift per 1. januar 2016. Det betyr at mange vegprosjekt som er i ulike fasar av planleggingsprosessen vil falle inn under ordninga.

Det er Samferdselsdepartementet som vurderer kva prosjekt som kan ta i bruk denne finansieringsordninga.

 

Samferdselsdepartementet sin pressetelefon: 919 14 777
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00