Historisk arkiv

Finansmarknadsmeldinga 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

– Utsiktene for finansiell stabilitet er betra det siste året. Eigenkapitalen i bankane og bufferkapitalen i livsforsikringsselskapa er no vesentleg høgare enn for eitt år sidan, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

– Utsiktene for finansiell stabilitet er betra det siste året. Eigenkapitalen i bankane og bufferkapitalen i livsforsikringsselskapa er no vesentleg høgare enn for eitt år sidan. Samstundes  er det framleis uvisse om den vidare utviklinga i norsk økonomi, men Noreg har  kome seg betre gjennom finanskrisa enn dei fleste andre land. Veksten i økonomien har teke seg opp, og utfasinga av krisetiltaka er difor allereie godt i gang, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Regjeringa legg kvart år fram ei melding som beskriv utviklinga i, og reguleringa av, finansmarknaden. Finansmarknadsmeldinga for 2009  inneheld ei utgreiing om utsiktene for finansiell stabilitet og eit oversyn over dei mange internasjonale regelverksinitiativ i kjølvatnet av finanskrisa. Vidare omtalast regelverksutviklinga i Noreg og avgjerder  i einskilde større forvaltningssaker på finansmarknadsområdet, samt verksemda til Noregs Bank, Finanstilsynet, Folketrygdfondet, Statens finansfond, Statens obligasjonsfond og Det internasjonale valutafondet (IMF) det førre året.

– Problem i store land og finansinstitusjonar smittar raskare og gjev større negative verknader enn tidlegare. Finanskrisa  har avdekt fleire svake sider i det internasjonale finanssystemet som ein i mindre grad har vore merksam på tidlegare. Sidan vi i Noreg har ein liten og open økonomi, er det i vår interesse at finanssystemet på global basis vert meir solid. Dei prosessane som styresmakter og andre no har sett i verk for å forbetre det internasjonale systemet må såleis få høg prioritet, seier finansministeren.

Finansiell stabilitet

Utsiktene for finansiell stabilitet er betra det siste året. Resultat- og soliditetsutviklinga var gjennomgåande positiv for norske finansinstitusjonar i 2009. Kjernekapitalen i bankane og bufferkapitalen i livsforsikringsselskapa er vesentleg auka, og moglegheitene til å hente kapital og likviditet i marknaden er betra. Finansinstitusjonane si evne til å bere tap og å takle nye sjokk er difor betre no enn for eitt år sidan.

Verda over er det risiko knytt til utfasinga av dei massive finans- og pengepolitiske støttetiltaka. Vert dei fasa ut for raskt, kan det dempe oppgangen og bidra til lågare økonomisk vekst. Vert dei fasa ut for seint, kan det etter kvart verte vanskeleg for mange land å handtere budsjettunderskot og høg statsgjeld. I Noreg er situasjonen betre enn i mange andre land, men òg den vidare utviklinga i norsk økonomi er uviss, særleg for konkurranseutsette verksemder.

Ein stor del av kredittrisikoen til bankane er no knytt til utlån innan næringseigedom og skipsfart, og til den vidare utviklinga i de baltiske landa. Finanskrisa synte at eigenkapitalen i norske og utanlandske bankar har vore for låg. Eigenkapitalen i bankane bør difor ved normale tilhøve i økonomien, varig ligge på eit høgare nivå enn han gjorde før finanskrisa slo inn. I hushalda er gjeldsbelastninga på eit historisk høgt nivå. Gjelda heng saman med dei høge bustadprisane.

Regelverksinitiativ etter finanskrisa

I kjølvatnet av finanskrisa er det no stor endringsvilje internasjonalt for å få på plass nye og betre reguleringar for finansmarknadene. Generelt ser det ut til å vere brei semje om at for stor risikotaking hos viktige aktørar, og mangelfulle og dels fråverande reguleringar i sentrale enkeltland, er viktige årsaker til finanskrisa. Kva som er passande krav til kapital i bankar, og korleis ein skal regulere samspelet mellom enkeltinstitusjonar og det finansielle systemet som heilskap, vert sentrale spørsmål framover.

I Finansmarknadsmeldinga 2009 omtalast nokre av dei mest sentrale forslaga til nytt regelverk frå mellom andre EU, saman med korte merknader om norsk oppfølging.

Utøvinga av pengepolitikken

Rentereduksjonane til Noregs Bank på til saman 4,5 prosenteiningar gjennom hausten 2008 og i fyrste halvår 2009 medverka vesentleg til å stimulere den økonomiske aktiviteten og til å gjere situasjonen lettare for føretak og hushald med gjeld. I tillegg var Regjeringa si byteordning der bankane fekk overta statspapir i byte mot obligasjonar med førerett, og dei likviditetspolitiske tiltaka til Noregs Bank, viktige for å betre situasjonen i penge- og kredittmarknadene.

I 4. kvartal 2009 vart styringsrenta auka frå 1,25 til 1,75 prosent etter at utsiktene for inflasjonen gjekk opp og utviklinga i produksjon og sysselsetjing betra seg. Noregs Bank har rekna at banken vil auke renta vidare til rundt 2½ prosent i løpet av 2010. Styringsrentene internasjonalt er framleis på særs låge nivå.

Både den samla og den underliggjande prisstiginga var i 2009 sett under eitt nær inflasjonsmålet. Inflasjonsforventningane har halde seg stabile gjennom finanskrisa, og det synest å vere brei tillit til inflasjonsmålet.

– I utøvinga av pengepolitikken i 2009 har hovudstyret i Noregs Bank vege omsynet til stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing på kort til mellomlang sikt. Etter ei samla vurdering finn Finansdepartementet ikkje grunnlag for vesentlege merknader til Noregs Bank si utøving av pengepolitikken i 2009, seier finansministeren.

Verksemda til Statens finansfond og Statens obligasjonsfond

Etableringa av Statens Finansfond var eit særs viktig beredskapstiltak, og gjorde det mogleg for bankane å avvente utviklinga i kapitalmarknadene før dei bestemte seg for korleis kjernekapitalen eventuelt skulle aukast. Fondet har difor vore ein tryggleiksfaktor for alle norske bankar i ein periode der kapitalmarknadene ikkje har fungert normalt, heilt uavhengig av faktisk bruk av fondet

Statens obligasjonsfond vart oppretta for å bidra til auka likviditet i og betre kapitaltilgang til kredittobligasjonsmarknaden i Noreg. I vissa om at det gjennom fondet kom på banen ein vesentleg investor som vil betre marknadslikviditeten, gjekk ein ut ifrå at ein kunne skape ein positiv, sjølvforsterkande prosess gjennom at andre investorar og låntakarar då i aukande grad ville ta i bruk obligasjonsmarknaden igjen. Kommentarar frå marknadsaktørar tyder på at Obligasjonsfondet har hatt ein positiv effekt på obligasjonsmarknaden nettopp gjennom slike indirekte verknader.

Det internasjonale valutafondet (IMF)

Finansmarknadsmeldinga gir ei oversikt over verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF). Meldinga gjer greie for aktuelle spørsmål som handteringa av finanskrisa og IMF sin innsats for å løyse økonomiske kriser i medlemslanda, endringar i låneordningane til organisasjonen og arbeidet med å førebyggje nye kriser. Meldinga tek òg opp spørsmålet om reform av organisasjonen sitt styresett og samarbeidet mellom IMF og andre internasjonale fora som G20 og Financial Stability Board (FSB).
– Finanskrisa har vist at verda treng ein internasjonal organisasjon som IMF. Det internasjonale arbeidet for betre regulering av finansmarknadene og førebygging av nye kriser treng ei sterk forankring i det multilaterale systemet. IMF må difor forsterke sin innsats innanfor finansmarknadsspørsmål og få ei sterkare rolle i overvakinga av finansiell stabilitet, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Det er særs viktig å sikre IMF tilstrekkeleg utlånskapasitet til å møte finansieringsbehova til medlemslanda. I fjor stilte Noreg om lag 27 mrd. kroner i nye lån til disposisjon for IMF sine generelle låneordningar, og 5. mars i år bad Regjeringa om samtykke frå Stortinget til å inngå ein låneavtale der Noreg stiller om lag 2,7 mrd. kroner til disposisjon for dei særskilde låneordningane for låginntektsland. Frå norsk side er ein glad for at IMF i 2009 vedtok omfattande reformer av låneordningane sine for å gjere dei meir tilpassa medlemslanda sine behov, og at ein no gjennomgår IMF sitt mandat.

– IMF bør vere det viktigaste forumet for globalt samarbeid om økonomiske og finansielle spørsmål. Noreg vil arbeide for endringar i både styresettet, prioriteringane og arbeidsmåtane til organisasjonen for å styrkje IMF sin relevans og legitimitet framover, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.