Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Finansministeren til Stavanger

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Finansminister Siv Jensen (FrP) besøker Stavanger tysdag 6. september.

Finansministeren deltek blant anna på opninga av den nye Skatteklagenemnda.

– Skatteklagenemnda skal styrke rettstryggleiken til skattebetalarane og sikre ei effektiv og uavhengig behandling av klagesaker, seier Jensen.

Den nye nemnda erstattar fem regionale skatteklagenemnder, Klagenemnda for utanlandssaker, Klagenemnda for storbedrifter og Klagenemnda for meirverdiavgift. Skattedirektør Hans Christian Holte, leder for Skatteklagenemnda Gudrun Bugge Andvord og direktør for Sekretariatet for Skatteklagenemnda Øyvind Eskeland er til stades ved opninga.

Jensen skal også ha ei gjesteforelesing på Universitetet i Stavanger (UiS). Temaet er status og utsikter for norsk økonomi. Forelesinga er open for alle.

Program:
Kva: Opning av skatteklagenemnda
Når: 11:00-12:30
Kor: Sekretariatet for Skatteklagenemnda, Forusparken 2, 4031 Stavanger. (2020Park-bygget)

Kva: Gjesteforelesing på UiS
Når: 13:15-14:00
Kor: Handelshøgskulen ved UiS, Elise Ottesen-Jensens hus.

Pressekontakt:

  • For finansministeren: Fung. kommunikasjonssjef Martine Røiseland, e-post: mar@fin.dep.no, mobil: 97 05 50 24 (med til Stavanger).
  • For informasjon om Skatteklagenemnda:  Direktør for sekretariatet Øyvind Eskeland, tlf: 408 09 462