Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2013

72 millionar kroner meir til Finnmark neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Førebelse tal syner at kommunane i Finnmark og Finnmark fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 72 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Førebelse tal syner at kommunane i Finnmark og Finnmark fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 72 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til  kommunesektoren i 2013.

- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete.

Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.

- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.

Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for kommunane i Finnmark og Finnmark fylkeskommune. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.

Kommune

Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner)

2002 Vardø

1,8

2003 Vadsø

4,6

2004 Hammerfest

7,0

2011 Kautokeino

2,4

2012 Alta

14,7

2014 Loppa

1,4

2015 Hasvik

1,1

2017 Kvalsund

0,9

2018 Måsøy

1,3

2019 Nordkapp

2,7

2020 Porsanger

2,7

2021 Karasjok

1,8

2022 Lebesby

1,7

2023 Gamvik

1,1

2024 Berlevåg

0,8

2025 Tana

2,8

2027 Nesseby

1,2

2028 Båtsfjord

1,4

2030 Sør-Varanger

6,5

Finnmark

57,9

 

Finnmark fylkeskommune

14,5

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.