Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon

Fiskeri- og sjømatministeren til Ålesund

Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik skal halde innlegg på arrangementet Ombordfryst 2020 torsdag 9. januar i Ålesund.

– Havfiskeflåten har bidratt til at vi i fjor passerte 107 milliardar kroner i eksportverdi. Og med ein proff fiskeflåte har vi eit utmerka utgangspunkt for å forsette veksten, slik at vi kan skape fleire lønsame arbeidsplassar, seier fiskeri- og sjømatsminister Harald T. Nesvik.

Temaet for innlegget er dei politiske rammevilkåra for havfiskeflåten. Dette gjeld blant anna regjeringa si satsing på fleire trygge, attraktive og lønsame arbeidsplassar i sjømatnæringen og sjømatindustrien. Nesvik vil blant anna snakke om ombordfryst fisk, korleis verdiskaping i fangsleddet kan aukast, heilårlege arbeidsplassar i fiskeindustrien, og fiskeriforvaltning internasjonalt.

Når: kl. 10.00

Kor: Scandic Parken Hotel, Storgata 16, 6002 Ålesund

Pressekontakt: Martine Røiseland, tlf. 970 55 024

Programmet finn du her

Til toppen