Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Fiskeri- og sjømatministeren til Bugøynes

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Kongekrabbe og reiseliv står på programmet når fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen besøker Bugøynes tysdag 13. oktober.

– Bugøynes er jo sjølve kongekrabbehovudstaden. Eg er imponert over kva dei har fått til. Ikkje berre leverer dei kongekrabbe til dei beste restaurantane i verda. Dei har også klart å bygge opp ei turistnæring rundt krabba,  som bidreg til aktivitet og jobbar langs kysten, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Program
14:00 Møte med krabbefiskarar, kaia i Bugøynes.

1445: Omvising Norway King Crab, Nesseveien, Bugøynes.

15:30 Visit Kirkenes presenterer ny rapport om reiselivet i Sør-Varanger, Bugøynes Bistro.

Av omsyn til smittevern ber vi om at presse som ønsker å delta melder seg på til media@nfd.dep.no.