Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Fiskeri- og sjømatministeren til Ytre Namdalen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Fredag 3. september besøker statsråd Odd Emil Ingebrigtsen (H) Rørvik og Kolvereid i Nærøysund kommune. Havbruksnæringa og grøn skipsfart er tema for reisa til Trøndelag.

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen

– Det er alltid hyggeleg å komme til Trøndelag og treffe på hardtarbeidande folk som jobbar på verft, i sjømatnæringa og som brenn for nærmiljøet sitt. Sjømat er etterspurd. Her ligg det store moglegheiter, og eg er sikker på at det vil skapast verdiar i Rørvik og Kolvereid i tida framover. Det ser eg fram til å høyre meir om, seier Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen. 

 

Program fredag 03. september

08:30 – 09:30: Statsråden besøker klyngesatsinga Innovarena.

Fjordgata 8, 7900 Rørvik.

09:45 – 11:15: Statsråden besøker oppdrettsselskapet Sinkaberg-Hansen.

Marøyvegen 110, 7900 Rørvik.

11:35 – 12:45: Statsråden besøker Moen verft.

Strandveien 11, 7970 Kolvereid.

 

Praktisk info:

Presse som er interessert i å dekke delar eller heile reisa kan ta kontakt med kommunikasjonseininga på media@nfd.dep.no eller på 902 51 303