Historisk arkiv

Fiskeriminister Jan Henry T. Olsen om utkast av småfisk i Nordsjøen: Noreg og EU må samarbeide om ei betre ressursforvaltning i Nordsjøen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Fiskeridepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Fiskeridepartementet


NR. 57/95, 15. november 1995

Fiskeriminister Jan Henry T. Olsen om utkast av småfisk i Nordsjøen:

Noreg og EU må samarbeide om ei betre ressursforvaltning i Nordsjøen

- EU-reglane om utkast av småfisk frå farty som fiskar i Nordsjøen er både ressursøydande og miljøforureinande, og svekkar grunnlaget for ei rasjonell forvaltning av fiskeressursane. Noreg vil overfor EU halde fram arbeidet for eit betre forvaltningsregime i Nordsjøen, sa fiskeriminister Jan Henry T. Olsen i spørjetimen i Stortinget onsdag.

Dei siste 20 åra har Noreg og EU samarbeidd om forvaltninga av fiskeressursane i Nordsjøen. I svaret sitt til representanten Unn Aarrestad sa fiskeriministeren at det likevel framleis trengst tiltak for å betre fiskeriforvaltninga for dei bestandane der fiskeinnsatsen har vore høg i høve til bestandsgrunnlaget, mellom anna når det gjeld torsk, hyse, sei og kviting.

Bakgrunnen for denne saka er utkastet av småfisk, særleg hyse, frå EU-farty som fiskar i EU-sona i Nordsjøen. Forskarane har antyda at det berre i år vil bli kasta 87 000 tonn hyse på sjøen. Fiskeriminister Jan Henry T. Olsen viste i svaret til at Noreg allereie har forbode utkast av fisk i norsk sone. EU har derimot ei forvaltning som kan resultere i svært store utkast av fisk:
- EU har i si sone mellom anna reglar som pålegg fiskarane å kaste ut fisk som er under minstemålet. Det same gjeld fisk som er fanga i strid med dei gjeldande reglane for bifangst og fisk av artar der dei fastsette kvotene allereie er fiska opp. Dette er ikkje i tråd med det Noreg vil kalle god forvaltning, sa Olsen.

Det internasjonale rådet for havforskning (ICES) har for det komande året rekna med at utkastet av hyse vil bli omlag 90 000 tonn. Hysebestanden er likevel etter ICES si vurdering innanfor sikre biologiske grenser og har vore i vekst. Det venta utkastet er inkludert i dei vitskaplege tilrådingane for fisket etter hyse i Nordsjøen neste år.

Fiskeriministeren sa i sitt svar i spørjetimen at Noreg i dei årleg fiskeriforhandlingane med EU har søkt å få i stand ei harmonisering av regelverka for fisket i Nordsjøen. - Vi har også registrert at fleire EU-land sjølve har stilt seg spørjande til sine eigne reglar. Noreg kan ikkje styre EU, men gjennom samhandling vil vi halde fram arbeidet med å påverke EU til å setje i verk ei meir forsvarleg forvaltning av ressursane i Nordsjøen, sa Olsen.


Lagt inn 16 november 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen