Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Fiskeriministeren presenterer Nordområdemeldinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeri- og sjømatministeren presenterer Nordområdemeldinga i Bodø fredag 27. november.

Eit kraftfullt Nord-Noreg er viktig for heile Noreg. Regjeringa sin nye stortingsmelding, som blir lagt fram fredag, gir retning for nordområda dei neste åra.

Den nye meldinga vil gi ein oppdatert analyse av den utanriks- og tryggingspolitiske situasjonen i nordområda og gjere greie for regjeringa sine tiltak for å sikre interessene våre.

Fiskeri- og sjømatministeren presenterer meldinga i Bodø på Nord universitet.

Presse som ønsker å delta må melde seg på til media@nfd.dep.no

Når: Fredag 27. november klokka 11:00.

Kor: Handelshøgskulen Nord universitet, auditorium Petter Thommassen A 5.