Fiskeriministeren til Rogaland

Fiskeriminister Per Sandberg opnar Rogaland Havbrukspark tysdag 12. desember.

- Rogaland er ein viktig havbruksregion med sterke teknologimiljø, leverandørar og oppdrettsselskap. Det er ei ære å få lov til å opne Rogaland Havbrukspark. Dette skal være ein rugemaskin for framtidas havbruksnæring. Eg håpar mange bedrifter vil flytte inn og bidra til meir innovasjon og utvikling i denne viktige næringa, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp).

Fiskeriministeren skal også møte teknologi- og servicebedrifter for å diskutere utfordringar og mogelegheiter for oppdrettsnæringa i Stavanger-regionen.

Program

Kva:  Offisiell opning Rogaland Havbrukspark.

Når: 10:00-11:00.

Kor: Talgje.

 

Kva: Møte med oppdrettarar og teknologibedrifter.

Når: 12:10-13:30

Kor: Clarion Stavanger, Arne Rettedals gate 14.