Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon:

Fiskeriministeren til Sør-Korea

Fiskeriminister Harald T. Nesvik reiser til Sør-Korea frå 14. til 17. oktober, for å fremje norsk sjømat på ein stadig viktigare marknad.

Sør-Korea har i løpet av dei siste åra utvikla seg til å bli ein viktig eksportmarknad for norsk sjømat. I 2018 eksporterte Noreg sjømat til Sør-Korea for 2,7 milliardar kroner, ein vekst på 15 prosent frå 2017.

– Eg ser fram til å besøke Sør-Korea, for å bidra til å gjere norsk sjømat meir synleg og sterkare posisjonert. Sjølv om eksporten har auka betydeleg dei siste åra, utgjer norsk sjømat berre 1,4 prosent av den totale marknaden, seier Nesvik.

Stort potensiale

Interessa for Sør-Korea er stor blant norske aktørar, og det er sterk interesse for norsk sjømat i koreansk verdikjede. I løpet av besøket vil fiskeriministeren delta på næringslivsseminar, ha politiske samtaler og besøke bedrifter.

– Den store marknaden kombinert med eit auka konsum gjer at potensialet framleis er stort. Difor vil eg leggje vekt på mogelegheitene for norsk sjømat og generell omdømebygging, både gjennom kontakt med myndigheitene og næringa, seier fiskeriministeren.

Fakta Noreg og Sør-Korea

  • Varehandelen mellom Noreg og Sør-Korea har auka kraftig siste ti åra, frå 15 milliardar kroner i 2008 til nærmare 28 milliardar kroner i 2018. Sør-Korea er i dag ein av Noregs viktigaste handelspartnerar i Asia.
  • Sør-Korea har på kort tid gått frå ein perifer marknad til å bli Noregs nest største marknad for sjømat i Asia. Sidan 2010 er eksportvolumet av sjømat meir enn dobla og eksportverdien femdobla. Veksten i sjømateksporten følgjer blant anna nedtrapping i tollsatsar, som følgje av frihandelsavtala mellom Sør-Korea og EFTA frå 2006. Etterspurnaden er spesielt stor etter norsk laks, makrell og kongekrabbe.
  • Rundt 70 norske bedrifter er representert i Sør-Korea, kor 49 er bedrifter innan maritime næringar og petroleum.
Til toppen