Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Fiskeriministeren til Tromsø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeriminister Harald T. Nesvik besøker Tromsø torsdag 14. februar.

Fiskeriministeren startar dagen på Kystens Hus. Her skal han delta i konkurransen Lag din egen lunsj saman med elever frå ein ungdomsskule i Tromsø. Målet med konkurransen er mellom anna å få barn og unge til å ete meir sjømat. Du kan lese om konkurransen her.

Nesvik skal også delta på konferansen Håp i Havet. Konferansen samlar studenter og næringsliv , og tema i år er frå robåt til robot. Fiskeriministeren skal halde innlegg, og han skal prøve spelet SimFish.

Program

Kva: Konkurransen Lag din egen lunsj

Kor: Kystens hus

Når: 09:00.

 

Kva: Innlegg på Håp i Havet

Kor: Universitetet i Tromsø

Når: Kl 11:00. Demonstrasjon av SimFish 12:00.