Fiskerireguleringar 2016

Oversikt over fiskerireguleringar for 2016. Oversikta vert oppdatert løpande etter kvart som forskriftene vert fastsette. Sist oppdatert 21.12.2015.

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter uer nord for 62° N i 2016
Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter uer nord for 62° N i 2016. Totalkvoten for norske fartøy er sett til 17 600 tonn. Som i fjor blir kvoten fordelt likt på dei fartøya som har rett til å delta i dette fisket. Per i dag gjeld det fartøy med torsketrålløyve eller seitrålløyve med heimel i konsesjonsforskrifta.

Forskrift om regulering av fisket etter uer nord for 62° N i 2016

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2016
Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2016. Forskrifta er fastsett på bakgrunn av resultatet av dei bilaterale forhandlingane med EU i desember. Totalkvote for norske fartøy er sett til 5339 tonn i Nordsjøen og 156 tonn i Skagerrak.

Forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2016

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Deltakarforskrifta for 2016
Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om rett til å delta i kystfartøygruppa sitt fiske for 2016 (deltakarforskrifta). Det er ikkje gjort større endringar i forhold til deltakarforskrifta for 2015, men adgangsreguleringa av kystfartøygruppens fiske etter lodde i Barentshavet i ei eiga open gruppe er teken ut av forskrifta fordi det ligg an til at dette fisket blir forbode.

Det er dessutan teke inn i forskrifta eit vedtak om at konvensjonelle havfiskefartøy som skal fiske etter sei med garn ikkje berre må vere eigna, forsynt med mannskap og utstyrt for konvensjonelt havfiske på generell basis, men også eigna, forsynt med mannskap og utstyrt spesielt for fiske etter sei med garn. Dette inneber ei forskriftsfesting av gjeldande praksis.

Forskrift om adgang til å delta i kystfiskefartøygruppens fiske for 2016 (deltakerforskriften)

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N i 2016 
Som følgje av kvotefleksibilitet på gruppenivå i fisket etter torsk og hyse nord for 62°N, kan endelege kvotar for 2016 ikkje fastsetjast før fangststatistikken for 2015 er komplett på nyåret i 2016. Gruppekvotar og kvoteeinskapar er derfor mellombelse, og Fiskeridirektoratet vil justere kvotane så snart dette er praktisk mogleg.

Når det gjeld havfiskeflåten sitt fiske etter torsk og hyse, er 90 % av gruppekvotane fordelt som fartøykvotar i denne omgangen. Heile gruppekvoten av hyse er fordelt i lukka kystgruppe og her blir det forventa restkvotar som går til påplussing på nyåret. Gruppekvotane av torsk i lukka kystgruppe er overført basert på forventa overfiske og underfiske som følgjer:

Ordninga med kvotebonus ved fangst av torsk for levandelagring vil tre i kraft 1. mars, mens ferskfiskordninga vil tre i kraft 2. mai. Oppstartstidspunkt for desse ordningane er forskuva samanlikna med 2015, for at desse i enda større grad skal føre til målet om å forskuve noko av vinterfisket.

Reguleringa av kystfiskekvantumet (3000 tonn) i open gruppe blir vidareførde med tilleggskvotar i verkeområdet, etter same modell som tidlegare. Det vil likevel tidleg i 2016 bli gjennomført eit arbeid med sikte på å finne ei innretning på ordninga som fører til at intensjonen med avsetninga blir oppnådd.

Forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N i 2016 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter norsk vårgytande sild i 2016
Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i 2016. Den norske totalkvoten er på 193 294 tonn. Krav til SMS-rapportering ved kryssing av fjordlinjer for fartøy som fiskar etter sild med not blir oppheva.

Avsetninga på 2 000 tonn til open gruppe kyst blir vidareførd, og Fiskeridirektoratet vil i løpet av våren 2016 innkalle relevante næringsorganisasjonar til å diskutere status og eventuell framtidig regulering av denne gruppa.

Forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytende sild i 2016

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter makrell i 2016
Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter makrell i 2016. Totalkvote for norske fartøy er sett til 201 351 tonn.
Reguleringa blir vidareførd i hovudsak som i 2015.

Ordninga med reiskapsfleksibilitet i garn- og snøregruppa, som blei innførd som prøveordning i 2015, blir førebels ikkje vidareført. Ordninga vil i løpet av våren 2016 bli vurdert i samråd med relevante næringsorganisasjonar.

Forskrift om regulering av fisket etter makrell i 2016

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Forskrift om regulering av fiske etter kolmule for 2016
Det er fastsett ein norsk kolmulekvote for 2016 på 275 950 tonn, etter kvotebytte med EU og Russland. Av dette kvantumet blir 120 tonn sett av til forskingskvote.

Av totalkvoten kan inntil 199 506 tonn blir fiska i EU-sone og 34 800 tonn blir fiska i færøysk sone. Reguleringsopplegget elles blir som tidlegare.

Ettersom kyststatane til kolmule og nvg-sild ikkje har klart å kome fram til eit forlik om kyststatsavtalar for 2016, har EU og Noreg inngått ein bilateral avtale som sikrar partane gjensidig sonetilgjenge både på nvg-sild og kolmule for 2016.

Forskrift om regulering av fiske etter kolmule for 2016

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Mellombels ordning med kvotebytte for ringnotflåten i 2016
Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om mellombels ordning for kvotebytte for ringnotflåten i 2016. Forskrifta gjeld kvotebytte av lodde ved Grønland, Island og Jan Mayen og sild i Nordsjøen.
Det er eit vilkår for kvotebytte at begge fartyeigarane har gitt bindande melding til Fiskeridirektoratet før det blir fiska på byttet kvote, og at slik melding er send før 25. januar 2016.

Forskrift om midlertidig ordning for ringnotflåten i 2016 med kvotebytte av lodde ved Grønland, Island og Jan Mayen og sild i Nordsjøen

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Fangst av kongekrabbe i kvoteregulert område i 2016

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fangst av kongekrabbe i kvoteregulert område øst for 26° Ø i 2016. Totalkvoten er tidligare fastsatt til 2000 tonn hannkrabber og 50 tonn hokrabber. Med innføring av ny kvotemodell frå 1. januar 2016, gir dette en kvote på 4,56 tonn til fartøy med kvotefaktor 1,0. Den nye modellen inneber at kvotefaktoren for fartøyet i 2016 vil avhenge av omsetning av andre arter enn kongekrabbe i 2015. 

Forskrift om regulering av fangst av kongekrabbe i kvoteregulert område øst for 26° Ø mv. i 2016

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Harmonisering av omgrepsbruk i forskrifter
Departementet har gjort endringar i fleire reguleringsforskrifter, i konsesjonsforskrifta og i strukturforskrifta for havfiskeflåten. Endringane går ut på at omgrepa basiskvote og faktor er endra til høvesvis kvotefaktor og kvoteenhet  i dei aktuelle føresegnene.

Bakgrunnen er eit ønske om å gjere regelverket meir lesarvennlege, og at ein skal unngå unødvendige mistydingar. Harmoniseringa medfører at omgrepsbruken i den pelagiske sektoren og bunnfisksektoren vert lik. Departementet understrekar at endringane ikkje får innverknad på sjølve utrekninga av kvotane til det enkelte fartøy.

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------