Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Fisket etter snabeluer i 2019

Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett ein totalkvote på 34 705 tonn uer i Noreg si økonomiske sone, i fiskerisona ved Jan Mayen og i internasjonalt farvatn for 2019.

Det er ein auke i kvota på over 15 000 tonn frå i fjor. Sist fangstane på snabeluer var på dette nivået var i 1985.

Av kvantumet blir det sett av 100 tonn til å dekke bifangst og 34 tonn til forskings- og forvaltningsføremål. 

Forskrift om regulering av fisket etter uer nord for 62 grader nord i 2019

Til toppen