Fjærmidd påvist hos hobbyfjørfe for første gong i Noreg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 02.10.2015
Det er gjort funn av ein ny type fjærmidd på fjørfe i Sogn og Fjordane. Parasitten, som ikkje er påvist i Noreg tidlegare, kan føre til sjukdom hos både høns og andre fugleartar.
Mattilsynet vil ikkje pålegge restriksjonar på dyrehald som er smitta, men er bekymra over nye parasittar i Noreg. Ein bør difor kontakte veterinær ved eventuelt funn av parasittar.