Historisk arkiv

Fjell er årets nynorskkommune 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Eg vil gratulere Fjell kommune med prisen Årets nynorskkommune 2011, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Eg vil gratulere Fjell kommune med prisen Årets nynorskkommune 2011, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Juryen har vurdert kandidatane grundig. Dei meiner Fjell kommune syner ei medviten haldning til nynorsk språk. Nynorsk er ei fagleg rettesnor og eit strategisk verkemiddel i kommunen. Eg håpar prisen vil styrkje nynorsk både i Fjell og i andre kommunar i Hordaland, seier Navarsete.

Fjell kommune legg stor vekt på godt språk hjå dei tilsette. Dei driv aktivt språkarbeid i barnehage og skule. Juryen har også lagt vekt på at kommunen er i sterk vekst og har stor tilflytting frå Bergen. Det fører til at kommunen er under sterkt språkleg press.

Prisen Årets nynorskkommune 2011 består av 100 000 kroner og eit bilete av kunstnaren Alf Christian Hvaring.

- Fjell har det siste året fått mykje merksemd i media etter at dei viste at heile 81 prosent av skriv til kommunen frå statlege organ i ein gitt periode var skrivne på bokmål. Mållova slår fast at Fjell som nynorskkommune skal ha alle slike skriv på nynorsk, seier Navarsete.

Juryen ynskjer også å heidre Vinje kommune i Telemark. Vinje får rosande omtale av juryen og eit bilete av Kristian Finborud.

Tidlegare vinnarar av prisen er Stord (2009) og Seljord (2010).


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.