Historisk arkiv

Fjernvarme: lokalt ansvar, nasjonal betydning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

- Fjernvarme er ein viktig del av energisystemet og bidrar med verdifull fleksibilitet, sa olje- og energiminister Tord Lien då han talte under konferansen Fjernvarmedagene på Gardermoen.

- Det er gjort store investeringar i fjernvarmeinfrastruktur dei siste femten åra. I samband med energimeldinga som regjeringa skal legge fram i 2016, må vi sjå på nye grep for å få samarbeidet mellom kommunane og fjernvarmeselskapa til å fungere endå betre. Her vil vi vurdere å flytte konsesjonsmyndigheiten frå NVE til den enkelte kommune. Det er også viktig å redusere bruken av fossil olje til spisslast, og eit aktuelt verkemiddel kan vere å forby fossil olje i fjernvarme, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP).

Lien la i sitt innlegg særleg vekt på at sjølv om fjernvarme er viktig i det nasjonale energisystemet, skjer utbyggingane lokalt. Kommunane har difor eit særleg ansvar for å gjere gode, heilskaplege vurderingar av fjernvarmeutbygging, i tett samarbeid med utbyggjarane og dei lokale fjernvarmeselskapa.

Tord Lien på Fjernvarmedagene

Olje- og energiminister Tord Lien på Fjernvarmedagene. (Foto:HEV/OED).

I 2014 blei det levert 4,5 TWh fjernvarme i Norge. Det dekker omlag ein tidel av den totale bruken av energi til romoppvarming og tappevatn i Norge.