Historisk arkiv

Fredskorpset vert til Norec, og flyttar til Førde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utviklingsminister Nikolai Astrup opna i dag Fredskorpsets nye hovudkontor i Førde og presenterte samstundes det nye namnet og den nye arbeidsinstruksen til Fredskorpset.

Utviklingsminister Nikolai Astrup opnar Fredskorpsets nye hovudkontor i Førde. Foto: Martha Pukallus, Fredskorpset
Utviklingsminister Nikolai Astrup opnar Fredskorpsets nye hovudkontor i Førde. Foto: Martha Pukallus, Fredskorpset

Det nye namnet er Norsk senter for utvekslingssamarbeid, forkorta til Norec i samsvar med namnet på engelsk (Norwegian Agency for Exchange Cooperation). 

- Det er ei stor glede å få opne Fredskorpsets nye hovudkontor i Førde. Flyttinga gir oss eit godt høve til å gi Fredskorpset ny framdrift under det nye namnet Norec. Samarbeid på tvers av landegrenser og sektorar er fundamentalt for å nå berekraftsmåla. Norec skal vere eit kompetansesenter for utvekslingsverksemd og bygge utvekslingsprogram slik at deltakarane medverkar til fagleg utvikling både under utvekslinga og når dei kjem heim, seier utviklingsminister Nikolai Astrup. 

Den nye instruksen er eit initiativ for å gjere Fredskorpset meir relevant i utviklingspolitikken og for å styrke resultata av verksemda. Den nye instruksen slår fast at Norec skal medverke til Noregs samla innsats for fagleg samarbeid, for eksempel i samarbeid med den nye Kunnskapsbanken som vart etablert i mars i år.

- Det er viktig for meg at Norec sitt arbeid blir sett i samanheng med Noregs samla utviklingsinnsats. Den nye arbeidsinstruksen legg til grunn eit nærare samarbeid mellom Norec og andre av Noregs utviklingspolitiske initiativ, seier Astrup. 

- Det nye kontoret i Førde vil vere eit glimrande utgangspunkt for å etablere samarbeid med nye prosjektpartnarar innanfor privat næringsliv, offentlege institusjonar og sivilsamfunn på Vestlandet. Samstundes vert det viktig også i fortsettinga å utvikle samarbeid med partnarar frå alle delar av landet, seier Fredskorpsets direktør Jan Olav Baarøy.

Fredskorpset vart etablert i 1963, og har gjennom 55 år organisert utveksling av meir enn 10.000 personar mellom Noreg og ulike samarbeidsland, som eit bidrag til norsk utviklingssamarbeid. Fredskorpset, og Norec i fortsettinga, er eit forvaltningsorgan som er administrativt underlagt Utanriksdepartementet. Regjeringa vedtok i juni 2017 å flytte kontoret frå Oslo som eit ledd i ein plan for desentralisering av statlege arbeidsplassar.