Historisk arkiv

Flaskehalsordning for effektiv tømmertransport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

I dag vart ny Nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2018-2029 lagt fram. Den fører vidare Regjeringa sin offensive satsing på transport og samferdsel. – Denne satsinga er viktig for å styrkje konkurranseevna til norsk næringsliv, ikkje minst for verdikjeder knytt til jord- og skogbruket, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Regjeringa føreslår ei årleg løyving på 50 millionar kroner over 6 år, totalt 300 millionar kroner, til utbetring av flaskehalsar på fylkesvegnettet. Statens Vegvesen skal lage eit handlingsprogram for ordninga, med forslag til prosjekt i perioden 2018 til 2023. Dette prosjektprogrammet vil bli lagt fram for skog- og trenæringa og fylkeskommunar. 

– For skognæringa sin del, er eg særleg nøgd med at Regjeringa, og eit breitt fleirtal på Stortinget, vil etablere ein eigen tilskottsordning for utbetring av flaskehalsar som er til hinder for effektiv tømmertransport på fylkesvegar. Utbetring av slike flaskehalsar vil gi lågare transportkostnadar og betre lønnsemda til industribedrifter. Dette er noko av det viktigaste vi kan gjere for å styrkje konkurranseevna og sikre arbeidsplassar i sektoren, seier Dale. 

Tømmerbil.
Tømmerbil. Foto: Jens Arild Kroken

Frå før er det aller meste av riksvegnettet opna for dei største tømmervogntoga. No er det svake punkt på fylkesvegstrekningar som står for tur. – Samstundes er det viktig at også kommunen opnar dei vegane som toler det for dei største tømmerbilane, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

 

Skog- og trenæringa har peika på at betre samanhengande standard på vegnettet frå skog til industri er av høgste prioritet for å styrkje konkurranseevna i sektoren. Dette er også gitt omtale i Meld. St. 6 (2016-2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring

Regjeringa har styrkt satsinga på skogsvegar og tømmerkaiar betydeleg sidan 2013. Rammene til infrastrukturtiltak i skogbruket er rekordhøge i 2017, der 135 millionar kroner er løyvd til skogsvegar og 75 millionar kroner til tømmerkaiar.