Historisk arkiv

Fleire bønder vel tre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I 2020 valde eit aukande tal bønder å satse på miljø- og klimavennlege driftsbygningar med tre som byggjemateriale.

Innovasjon Noreg premierer bønder som byggjer driftsbygningar med tre som klima- og miljøvennleg byggjemateriale. I 2020 fekk 140 bønder i alt 33,6 millionar kroner i ekstra investeringstilskott for å vere klima- og miljøvennlege gjennom bruk av tre i bygga deira.

Som for andre næringar er det også mogleg for landbruket å få særskilt støtte for å vere ekstra miljø- og klimavennleg. Ved jordbruksforhandlingane i 2019 blei det vedtatt å innføre ei ordning som premierer bruk av tre som byggjemateriale. Ordninga kjem i tillegg til det ordinære investeringstilskottet til driftsbygningar frå Innovasjon Noreg. Ordning med ekstra investeringstilskott til bygg som bruker tre som miljø- og klimavennlege byggjemateriale gjeld i første omgang til og med 2022. Ordninga kan gje inntil 400 000 kroner i ekstra investeringstilskott.

Tre er eit fornybart råmaterial, som bind CO2 og krev lite energi å produsere. Det kan erstatte ikkje-fornybare byggematerial som betong, eller material som medfører større klimagassutslepp i produksjon eller ved bruk.

Driftsbygning i tre.
I fjor fekk 140 bønder i alt 33,6 millionar kroner i ekstra investeringstilskott for bruk av tre i bygga deira. – Det viser at dei bøndene som no satsar og investerer i landbruket tek klimautfordringane på alvor, seier administrerande direktør Håkon Haugli i Innovasjon Noreg. Foto: Erik Steine/Innovasjon Norge