Historisk arkiv

Fleire deltok i introduksjonsprogram i 2014

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

14 700 personar deltok i introduksjonsprogrammet for nykomne innvandrarar i 2014. Det er ein auke på 7 prosent samanlikna med året før.

Statistisk sentralbyrå publiserte i dag ny statistikk over introduksjonsordninga for nyankomne innvandrarar. Den viser at talet på deltakarar i 2014 var det høgaste sidan ordninga vart innført i 2005.

Flest frå Somalia og Eritrea

Det var i fjor flest deltakarar frå Somalia, Eritrea, Syria, Afghanistan og Sudan. Deltakarar frå desse fem landa utgjorde 75 prosent av alle deltakarar. Talet på deltakarar frå Syria vart nesten tredobla frå 2013 til 2014. Sudan og Syria var også dei to landa som hadde høgast deltakarandel i introduksjonsprogrammet.

Sju av ti var i programmet ved årets slutt

Statistikken frå i fjor viser også ein liten oppgang i talet på personar som framleis deltok i introduksjonsprogrammet ved årets slutt. Det viser ein auke frå 68 prosent i 2013 til 71 prosent i 2014.

Her kan du sjå heile statistikken til SSB.